mandag 23. november 2009

Lyd i undervisninga

Eg kan så vidt hugse at eg brukte lyd som del av læringsmetode då eg sjølv gjekk på barne- og ungdomsskulen. Vi komponerte musikk på datamaskina sjølve ved hjelp av programmet Musicator i musikkfaget, og vi prøvde oss fram med lydopptak når vi skulle gjere intervju og liknande. Eg kan også hugse at vi ein gong las eit stykke inn på kassett, for så å høyre på opptaket etterpå ilag med lærar. Dette siste dømet er frå då eg gjekk i 6.klasse, og dersom eg ikkje tek heilt feil så var dette då i 1997-1998. Det er ganske lenge sidan med tanke på den teknologiske utviklinga som har vore sidan då, men likevel så har ikkje skulen utvikla seg i samsvar med teknologien.

Eg forstår rett og slett ikkje kvifor. For det første så er lyd enkelt å arbeide med. Eit dataprogram som til dømes Audacity er gratis, det er enkelt å arbeide med og det gir absolutt meirverdi i ein undervisningssituasjon. I tillegg til dette så vil arbeid med digital lyd også bidra til variasjon i undervisninga, eit variert vurderingsgrunnlag for læraren og det er en arbeidsmåte som treff elevane i deira digitale mediekvar. Det einaste som kanskje er vanskeleg med digital lyd slik eg ser det, er vurderinga. Læraren må vere kompetent på området for å kunne gje elevane ei rettferdig vurdering. Ut ifrå slik eg ser det så må det vere her problemet ligg. Dagens lærarar er rett og slett ikkje kompetente nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar