torsdag 6. mai 2010

Tenkeverktøy 2

Bridge Construction Set er eit spel. Dette spelet set både fysikk, konsentrasjon, design og kreativitet i sentrum.

Eg lasta demoen ned på mi eiga datamaskin og vart sitjande lenge å prøve ulike variantar av bruene. Demoen kan lastast ned her: http://www.chroniclogic.com/pontifex2.htm

Slik vart brua mi sjåande ut på level 3 - med tanke på konkurransen:
Brua mi kosta 8819 dollar ut frå budsjettet på 15000 dollar.











Reint estetisk får ein eit betre bilete av korleis brua ser ut dersom ein brukar eit skjermbilde frå sjølve gjennomføringa av testen, slik som her:










Det å bruke spel i undervisninga kan vere positivt dersom det blir brukt på riktig måte. Dersom spel kun blir brukt som belønning dersom eleven vart fort ferdig med arbeidsoppgåvene eller noko slikt, er det ikkje bra. Dei må fungere som ein læringsaktivitet i seg sjølv.

Å integrere dataspel i undervisninga kan nok ha ein spesielt god effekt på gutane, då desse har ein tendens til å meistre dataspel og får difor vidare motivasjon til å arbeide med emnet. Poenget er berre at eleven veit at det han/ho driv med er skulearbeid, sjølv om det er underholdande og kjekt. Det er ikkje nødvendigvis slik at alt som har med skulen å gjere er teoretisk og kjedelig. Læraren skal gje tilpassa opplæring til alle elevane, og dette er ein mogelegheit i forhold til det.