fredag 16. oktober 2009

Digitale bilete

Her er først eit bilete i breiddeformat der hovudmotivet er plassert på midten.







Vidare ser vi same biletet, men der hovedmotivet er plassert etter tredjedelsregelen.







Etter mi meining, så kom hovudmotivet best til sin rett i det første, altså det øverste biletet. Dette kan vere fordi at motivet var større her. Men samtidig så er det noko med bilete nummer to som er meir spanande - eg kan ikkje heilt setje fingeren på kva dette er. Det er vel akkurat dette som er heile fascinasjonen bak tredjedelsregelen reknar eg med.

Vidare ser vi på same motivet, men her har biletet kvadratisk format.

Her forsvinn eigentleg det eg likte ved biletet i utgangspunktet, nemleg at det gule bladet skilde seg slik ut frå dei grøne som var rundt det. Vi mista rett og slett store delar av biletet. Men eg kunne jo gjort noko med storleiken då. Samtidig verkar biletet mykje meir kjedeleg rett og slett.



No skal eg sjå på eit bilete med andre komposisjonsmessige verkemiddel.
(Eg har berre ikkje komt så langt enda for den som måtte lure)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar