mandag 19. oktober 2009

Bruk av IKT i skolen - Ulike roller

Læraren si rolle når det gjeld å integrere IKT i undervisninga er ganske klar. Det er læraren som møter elevane, og det er læraren si oppgåve å integrere didaktisk bruk av IKT i undervisninga. Læraren må sjølv vise initiativ til å bruke IKT, må sjølv vise interesse og må sjølv følgje utviklinga.

Læraren har ingen eigentlege val når det gjeld å innføre IKT i si undervisning. Skulen har som oppgåve å klargjere elevane for det seinare arbeidslivet, og må difor fylgje samfunnsutviklinga for å ikkje miste sin funksjon.

Skuleleiinga er svært sentral både i sjølve omstillingsprosessen, men også i det vidare arbeidet. Leiinga må ha eit positivt og målretta syn på innføringa av IKT i skulen. ITU Monitor 2009 viser at ein kompetent lærar med støtte frå skuleleiinga har betre føresetnader for å lukkast med å ta i bruk digitale verkty i undervisninga.

Slik som eg kan forstå det vil prosessen med å integrere IKT i undervisninga gå lettast dersom vi er i ein situasjon med ei målretta og positivt innstilt skuleleiing, samtidig som kærarane er innstilte på endring. Det må vere ein god dialog mellom lærarar og skuleleiing for at prosessen skal få so knirkefritt som mogeleg, og begge partar må vere innstilte på at "dette klarar vi!"

_____________________________________

Kjelder:

ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand 2009.
Internett. Tilgjengeleg frå: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar