fredag 18. september 2009

Gratis-prinsippet i studiet

Gratisprinsippet i studiet er etter mi meining svært viktig for at vi som framtidige lærarar skal kunne bruke det vi lærer no når vi seinare kjem ut i skulen. Vi kan ikkje rekne med eller forvente at skulen vi skal arbeide på har dyr programvare, og heller ikkje kan vi forvente at foreldra skal sørgje for at elevane har tilgang til desse programma heime. Ved å bruke gratis programvare kan alle elevane bruke same programma både heime og på skulen. Det at alle brukar same programma er viktig for at undervisninga skal bli best mogeleg. Samtidig er det enklare for læraren dersom han/ho kun har eitt program å konsentrere seg om i gangen.

Det at vi stort sett brukar gratisprogram gjer generelt sett overføringsverdien til skulekvardagen svært stor. Dette er viktig med tanke på motivasjon for oss som lærarstudentar. Det å sjå at det vi lærer her på høgskulen kan vidareførast i ein arbeidssituasjon er sentralt.

I tillegg til dette er det jo greit at ting er så billeg som mogeleg for oss studentar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar