fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth

Tanken bak vår problemstilling er at elevane skal lære å bruke kart. Dette er kompetansemål innenfor kroppsøvingsfaget etter 7.årstrinn.

Utgangspunktet er at elevane skal sjå på eit kart og så bruke google earth til å lære seg å lese høgdekurver og liknande. Spesielt tenker vi her på friluftsliv i forhold til at elevane kan planlegge tur-ruter ut ifrå kart der dei brukar google earth til å sjå på terrenget. Dette er mykje lettare å sjå på google earth enn på eit vanleg kart då du ved å bruke google earth mykje lettare kan sjå vegetasjonen og dermed vil det bli lettare å sjå kvar det er best å gå.

Vidare tenkte vi at elevane i tillegg kunne bruke google maps til å legge opp ei rute, då dei gjennom dette verktøyet også kan få fram avstandar.

Planen er at elevane skal lage seg ei rute og så gjennomføre denne turen ved eit seinare tidspunkt. Dei kan då også vurdere seinare om planen dei laga var god eller om dei burde gjort justeringar i forhold til ruta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar